Ditt syn

Barn og syn

Barn klagar sjeldan på dårlig syn. Årsaka er at barn som ikkje ser godt, ofte ikkje er klar over at dei burde sjå betre. Det kan vera vanskeleg for vaksne å oppdage at eit barn har synsproblem.

Barn finner ofte strategiar og triks som kompenserer for dårlig syn. Dette gjer at dei til ein viss grad kan meistre kvardagen og skulen i lang tid, sjølv med synsvanskar.

Teikn på at ditt barn treng ei synsundersøking:

  • Barnet myser mykje.
  • Barnet er klumsete.
  • Barnet lukkar ofte, eller held framføre, eit av augene.
  • Redusert lesehastighet.
  • Spegelvending av ord og bokstavar.
  • Problem med linjeskift og at bokstavane «hoppar».
  • Vanskar med og skjøne og hugse det ein har lest
  • Barnet blir fort sliten/ukonsentrert ved nær-arbeid
  • Barnet er lyssky
  • Synsbetinga hovudverk.
  • Barnet unngår lesing og anna nærarbeid.

Me har spesialtilpassasynsundersøkingar for barn frå og med 5 år.

Synstrening, også kalla optometrisk synsterapi, er eit tilbod til barn og vaksne med synsproblem som er vanskeleg å løyse fullt ut med briller eller kontaktlinser. Synsterapi inneber normalt ein kombinasjon av trening på klinikk og tilhøyrande heimelekser på data, eller ved hjelp av treningsutstyr som vert lånt ut av Synsenteret.

Me har eit godt utval og gode garantiar på barnebriller. Me tilpassar og solbriller med styrke til barn og kan bestille symjebrille med styrke. Barn kan ha kontaktlinser dersom dei av ulike grunnar ikkje fungerer med briller. Det er ingen nedre aldersgrense på når barn kan begynne med kontaktlinser. Ei individuell vurdering og samarbeid med foreldre er viktig før tilpassing skjer.

Komplett einstyrke briller frå kr 595,- (ubehandla brilleglas).