Ditt syn

Augehelse

På ei synsundersøking hjå oss vil våre autoriserte optikere undersøke synsfunksjonen gjennom eit utval av testar, men augehelse handlar om meir enn berre kva styrke du treng i brilleglasa eller på linsene dine. Me måler augetrykket og vurderer alltid strukturen i augene, det vil seie at ser me på korleis augeoverflata og innover i auga, til og med augebotnen, ser ut. Augebotnen (netthinna) fotograferer me for å sjå etter tidlige endringar. Ved neste synsundersøking samanliknar me dette med eit nytt bilete og ser då etter teikn på unormale endringar som kan påverka synsfunksjonen. Enkelte endringar føl me med på, elles tilviser me ved behov direkte til augelege for behandling eller vidare oppfylging.

Sjukdomar i auga kan oppstå av tilstander i sjølve auga, men dei kan også verta trigga av andre faktorar i kroppen som for eksempel diabetes, høgt blodtrykk, stoffskifteproblem, hjerte- og karsjukdomar eller revmatisme. Eksempel på mulig synsnedsetjande augesjukdomar er grå stær (katarakt), grøn stær (glaukom), forkalking i skarpsynsområde (aldersrelatert makula degenerasjon, AMD), diabetes retinopati (som fylgje av diabetes) og hypertensiv retinopati (endringar på netthinna som følgje av ubehandla høgt blodtrykk over tid).

Synsundersøking inkludert augetrykkmåling og fotografering av netthinna kostar hjå oss 690,-og har ein varigheit på 30-45 minutt.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller for timetinging på tlf 56 51 01 01 eller post@synsenteretvoss.no.